Synnøve Finden. Foto: Borgens Atelier/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Synnøve Finden. Foto: Borgens Atelier/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Creative Commons-lisens.

– bondejenta som vart gründer i hovudstaden

Det er langt frå den slanke, lyshåra jenta på Synnøve Finden-pakkene til den verkelege Synnøve Finden som starta selskapet. Ho var ferm og grovbygd og kom frå den veglause garden Finden, ved Finnafjorden i Vik.

Meierske og sambuar med Pernille
Synnøve Larsdotter Finden (1882-1957) var den åttande av ti sysken. 17 år gammal reiste ho til Stavanger på meieriskule. Som nyutdanna meierske hadde ho jobbar i Drammen, Stange og Kristiania, der ho vart verande.  Synnøve var sterkt religiøs og vart medlem av Menigheten Møllergaten 38, som høyrde til De frie venner og stod pinserørsla nær. Her vart ho i 1924 kjend med enkja Pernille Holmen (1889-1961). Dei to kvinnene flytta saman og fekk eit livslangt samliv og forretningssamarbeid. Pernille hadde dottera Evy, så dei var tre i huslyden.

Synnøve Finden Ostefabrikk
Synnøve ynskte å starta eigen osteproduksjon. Saman med Pernille begynte ho å kjøpa ostemasse og laga pultost. I 1928 starta dei Synnøve Finden Ostefabrikk på Vålerenga i Oslo. Synnøve hadde ideane og kunnskapen, og Pernille administrerte. Etter eit års tid lausna salet, og i 1929 kunne dei kjøpa T-Ford, tilsetja sjåfør, syklist og fleire kvinner til ostepakkinga. Synnøve kontrollerte arbeidet i fabrikken, utvikla produksjonsmetodane og eksperimenterte seg fram til ein smelteost. Verksemda blomstra: I 1937 køyrde seks varebilar rundt på Austlandet og leverte ost!

Kristeleg fabrikkfellesskap
Berre kristne, landsens jenter fekk arbeid på fabrikken. Dei budde i leigegarden hjå Synnøve og Pernille og åt alle måltid hjå dei. Lønna var låg, men husvære og mat var gratis. Arbeidsstokken reiste ofte på tur i helgene, til hytta på Hedemarken eller bedehus rundt om på Austlandet. Fabrikken hadde både predikant, kor og musikantar, og verksemda gav store summar til misjonen.

Krig og nedgangstider
Under og like etter andre verdskrigen var det vanskeleg å få tak i ostemasse, og verksemda stoppa nesten heilt opp. Fabrikken og driftsmåtane vart umoderne, og Synnøve og Pernille var slitne og sjuke. Evy og ektemannen Josef Dahl overtok verksemda. Synnøve Finden døydde i 1957 som ei velhalden dame. Alt ho åtte testamenterte ho til Pernille og etterkommarane hennar. Soga seier at Synnøve berre hadde tre korte turar heim att til Finden. Men til jul sende ho alltid heim pakker med ost.

Creative Commons-lisens Teksten er lisensiert med ein Creative Commons Navngivelse-DelPåSammeVilkår 3.0 Norge lisens.