Om Hilde Horpen

Hilde Horpen. Foto: Jostein Avdem Fretland

Hilde Horpen. Foto: Jostein Avdem Fretland. Lisens: Creative Commons Namngjeving-DelPåSameVilkår Creative Commons-lisens.

– aktiv korpsjente frå Årdal som bryt barrierar

Unge Hilde Horpen (1996-) er litt «motstraums». I ei tid då organisasjonslivet slit med  medlemstala og leitar med lys og lykter etter leiarar, spelar Hilde  i fleire korps og tek leiaropplæring. Slike jenter vil vi gjerne ha.

Eit brennande engasjement for korpsrørsla
I 2004 fekk Hilde sin fyrste klarinett. Fyrst tok ho speletimar hjå ein lærar. Etter to år byrja ho å spela i skulemusikken. Det er eit rikt korpsmiljø i Årdal, og det er korpsrørsla Hilde brenn for. Det er framleis klarinetten som er hennar sitt instrument. Dette er eit vanskeleg instrument å spela, men Hilde er dyktig på instrumentet sitt og begeistrar både publikum og dirigentar.

Fire korps
Den speleglade jenta tek seg tid til å spela i fire korps. Det er Årdalstangen Musikklag, Øvre Årdal Janitsjarkorps, Farnes skulemusikk og Nordvest ungdomskorps (ungdomskorpset i fylket). Så mykje øving heime mellom korpsøvingane blir det som regel ikkje tid til. I Årdalstangen Musikklag er ho instruktør for to yngre musikantar, og til sommaren vil ho ta instruktørkurs på Manger ved Bergen. I to av korpsa Hilde spelar i, deltek ho i styrearbeid ( i Årdalstangen Musikklag og i Øvre Årdal Janitsjarkorps), og tek slik sin del av ansvaret for drifta av organisasjonen.

Leiaropplæring
Hilde søkte Norges Musikkorps Forbund om å få delta i leiaropplæringa deira, og det fekk ho. «Unge i teten» er eit opplæringsprogram for unge tillitsvalde i alderen 16-22 år. Det er 12 deltakarar frå heile landet, og Hilde er mellom dei yngste. Ho er den einaste frå Sogn og Fjordane fylke. Programmet omfattar tre samlingar, i Bergen, Trøndelag og Oslo.

Det dei unge lærer på kurset er å framføra ting og å argumentera. Dei lærer også presentasjonsteknikk og marknadsføring. Kunnskap om NMF som organisasjon er også eit tema, i tillegg til NMF sitt tilhøve til resten av samfunnet.

På kurset tek dei også opp kva den einskilde deltakaren kan og vil bruka ressursane sine på når dei er ferdige med samlingane. Det Hilde tenkjer, er at ho vil halda fram med å spele klarinett i korps. Ein gong i framtida vil ho kanskje bli leiar i eit korps også?

 

Om Edith Refvik

Edith Refvik. Foto: Karoline Refvik

Edith Refvik. Foto: Karoline Refvik

– husmor og firebarnsmor, butikkekspeditør, arbeidar, tillitsvald og kommunepolitikar.  

«Det er ikkje noko uvanleg med meg, vil eg tru. Men eg er fødd og har røtene mine i eit samfunn så mykje annleis enn det vi tek for sjølvsagt.»

Oppvekst i ei nær, men annleis tid
Edith (1945-) vaks opp i den veglause bygda Hagevik i Vågsøy. Heimen var korkje rik eller fattig, men heilt vanleg, i fylgje Edith. Far var fiskar, mor var husmor og Edith hadde to systrer. Det var ikkje skule i bygda, og skulevegen gjekk til fots, over haug og hammar, til nabobygda Saltkjelen. Etter folkeskulen, som det heitte den gong, bar det i veg frå den vesle grenda til hybelliv i Måløy og realskule. – Eg var heldig som fekk gå på realskulen i Måløy.  Det var ikkje sjølvsagt for ei jente i den tida, seier ho.

Husmor og yrkeskvinne
Edith arbeidde på butikk etter realskulen.  Ho hadde eigentleg planar om å utdanna seg som lærar eller noko innan posten, men så møtte ho Trygve og det vart giftarmål i staden. – Det kom på i ei snarheit, men det var ikkje å angre på, seier ho.  Fire born kom i rask rekkjefylgje  og, som så mange kvinner på denne tida, valde Edith å vera heimeverande den fyrste tida. Etter kvart som borna vaks til, gjekk Edith tilbake til yrkeslivet. I 1977 byrja ho på Vik Matsenter på Raudeberg. – Det var ikkje så lange beten heim. Dei eldste såg etter dei yngre, og var både litande og flinke, fortel ho.  Sju år seinare skifta ho beite og byrja i fiskeindustrien hos Domstein og Co. Der fann ho sin plass.

Politikk og fagforeining – kjekt og lærerikt
– Om ein ikkje er av dei som sete kurande stille og bere teie, så kan ein lett verte vald til eit kvart. Slik vart det med meg, seier ho, som etter kvart kom med i fagforeiningsarbeid og kommunepolitikk. Støtt var det noko nytt å lære, og det likte ho. Edith vart tillitsvald i Norsk nærings- og Nytelsesmiddelsarbeiderforbund både på avdelings- og landsstyrenivå. Løn, arbeidsmiljø, og fagopplæring var viktige kampsaker, og ho likte det godt når det storma litt.  I kommunepolitikken vart Edith med i Vågsøy kommunestyre der ho sat for Arbeidarpartiet.

– Har eg vore med og rydda nokre steinar og jamna veg for dei som kjem etter, så er eg takksam for det, seier Edith.

Om Synnøve Finden

Synnøve Finden. Foto: Borgens Atelier/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Synnøve Finden. Foto: Borgens Atelier/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Creative Commons-lisens.

– bondejenta som vart gründer i hovudstaden

Det er langt frå den slanke, lyshåra jenta på Synnøve Finden-pakkene til den verkelege Synnøve Finden som starta selskapet. Ho var ferm og grovbygd og kom frå den veglause garden Finden, ved Finnafjorden i Vik.

Meierske og sambuar med Pernille
Synnøve Larsdotter Finden (1882-1957) var den åttande av ti sysken. 17 år gammal reiste ho til Stavanger på meieriskule. Som nyutdanna meierske hadde ho jobbar i Drammen, Stange og Kristiania, der ho vart verande.  Synnøve var sterkt religiøs og vart medlem av Menigheten Møllergaten 38, som høyrde til De frie venner og stod pinserørsla nær. Her vart ho i 1924 kjend med enkja Pernille Holmen (1889-1961). Dei to kvinnene flytta saman og fekk eit livslangt samliv og forretningssamarbeid. Pernille hadde dottera Evy, så dei var tre i huslyden.

Synnøve Finden Ostefabrikk
Synnøve ynskte å starta eigen osteproduksjon. Saman med Pernille begynte ho å kjøpa ostemasse og laga pultost. I 1928 starta dei Synnøve Finden Ostefabrikk på Vålerenga i Oslo. Synnøve hadde ideane og kunnskapen, og Pernille administrerte. Etter eit års tid lausna salet, og i 1929 kunne dei kjøpa T-Ford, tilsetja sjåfør, syklist og fleire kvinner til ostepakkinga. Synnøve kontrollerte arbeidet i fabrikken, utvikla produksjonsmetodane og eksperimenterte seg fram til ein smelteost. Verksemda blomstra: I 1937 køyrde seks varebilar rundt på Austlandet og leverte ost!

Kristeleg fabrikkfellesskap
Berre kristne, landsens jenter fekk arbeid på fabrikken. Dei budde i leigegarden hjå Synnøve og Pernille og åt alle måltid hjå dei. Lønna var låg, men husvære og mat var gratis. Arbeidsstokken reiste ofte på tur i helgene, til hytta på Hedemarken eller bedehus rundt om på Austlandet. Fabrikken hadde både predikant, kor og musikantar, og verksemda gav store summar til misjonen.

Krig og nedgangstider
Under og like etter andre verdskrigen var det vanskeleg å få tak i ostemasse, og verksemda stoppa nesten heilt opp. Fabrikken og driftsmåtane vart umoderne, og Synnøve og Pernille var slitne og sjuke. Evy og ektemannen Josef Dahl overtok verksemda. Synnøve Finden døydde i 1957 som ei velhalden dame. Alt ho åtte testamenterte ho til Pernille og etterkommarane hennar. Soga seier at Synnøve berre hadde tre korte turar heim att til Finden. Men til jul sende ho alltid heim pakker med ost.

Creative Commons-lisens Teksten er lisensiert med ein Creative Commons Navngivelse-DelPåSammeVilkår 3.0 Norge lisens.

Om Malene Sandved

Malene Sandved med sine born. Foto: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Foto: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Creative Commons-lisens.

– den fyrste styraren ved husmorskulen i Stryn

Malene Sandved var ei føregangskvinne for eit godt og sunt kosthald. Ho heldt mange frukt- og grønsakskurs omkring i «amtet» og skreiv ei kokebok som har vore viktig for mange husmødrer i fylket vårt.

Prestefrue og mor til 10
Malene (1867-1948) var fødd på Jæren. Ho gifte seg med sokneprest Samuel Pedersen Sandved og saman flytta dei til Årdal. I 1908 døydde presten brått, og fru Sandved sat åleine att med ein stor barneflokk. I fleire år hadde ho allereie halde kurs i «frugt og grønsakers anvendelse» i regi av Landbrukslaget. Dette la grunnlaget for yrkeskarrieren hennar som styrar ved husmorskulen i Stryn.

Utdanning for kvinner
Sogn og Fjordane fylke (Nordre Bergenhus Amt som det heitte den gong) var svært tidleg ute med utdanning for kvinner. Alt i 1877 var det ein «amtskole for jenter» i Holmedal. Etter kvart kom det krav om å utvide dette utdanningstilbodet for jenter. På den tida då jordbruk var hovudnæringa var husmora sine arbeidsoppgåver på ein gard svært omfattande og krevjande. Alt stell av mat, hus, fjøs og klede, samt av born og gamle, var hennar ansvar. For å bli ei dugande husmor måtte det utdanning til. På årsmøtet til Nordre Bergenhus Landbrukslag i 1911 heldt Malene Sandved eit foredrag om «Hvad der kan gjøres for unge kvinders utdannelse til dyktige husmødrer».

Ei «velskikka styrarinde»
Husmorskulen i Stryn kom i gang i 1913 med Malene Sandved som fyrste styrar. Ho var allereie «kjendt som en særdeles dygtig husmor med betydelig anseelse inden amtet», og vart vurdert som ei «velskikka styrarinde». Den eldste dottera hennar, Serina Sandved, vart tilsett som lærarinne. Undervisninga gjekk over 5 månader og skulle gjere dei unge jentene til dyktige husmødrer. Av elevane var fru Sandved omtykt og respektert, og dei vart glad i henne. På si side tykte styrarinna også om elevane. I årsmeldinga skreiv ho: «Elevenes opførsel og forhold var under hele kurset det allerbedste.»

Frukt og grønsakskurs
Malene Sandved var styrarinne i fleire år, og kvar haust hadde ho kurs i frukt og grønsaker rundt omkring i amtet. Etter kvart gjekk ho over i fast stilling som vandrelærarinne for Landbrukslaget. Dette gjorde ho heilt til ho fylte 60, og fylkestinget strauk løyvinga for desse kursa. Då hadde ho etterlete seg mange gode minne frå sitt arbeid i fylket.

Creative Commons-lisens Teksten er lisensiert med ein Creative Commons Navngivelse-DelPåSammeVilkår 3.0 Norge lisens.

Om Ingeborg Grytten

ingeborg grytten copy

Illustrasjon av spedalsk kvinne, Hagströmerbiblioteket på Karolinska Institutet i Stockholm

– prestedotter og salmediktar

Ingeborg Andersdotter Grytten (1668 – ca 1705) er ei av to kjende kvinnelege diktar i Noreg på 1600-talet. Livet hennar var prega av at ho vart spedalsk i ung alder, men som prestedotter i ein velståande familie fekk ho eit meir innhaldsrikt liv enn mange andre med same lagnad.

Prestedotter
Grytten er ein eldre skrivemåte for gardsnamnet Gryta, og familiegarden til Ingeborg ligg på nordsida av Førdefjorden, mellom Redal og Vevring. Tidleg på 1600-talet budde besteforeldra til Ingeborg, Johannes Andersson og Kari Olsdotter på garden, og med inntekter frå fleire eigedomar var dei så velståande at dei kunne kosta presteutdanning på ein av sønene.

Far til Ingeborg, Anders Johannesson Grytten, var prest i Holmedal prestegjeld frå 1655 til 1685. Anders gifta seg med Maren Ludvigsdotter Munthe som var dotter til Ludvig Hansen Munthe, biskop i Bergen stift og oldefar til Ludvig Holberg. Ingeborg vart fødd i 1668, men det er usikkert kor lenge ho levde. Mest sannsynleg døydde ho kort tid etter 1705.

Salmediktar
Ingeborg vaks opp og levde heile livet sitt på prestegarden i Holmedal. Dette var ein velståande heim med mange bøker, og Ingeborg las blant anna salmane til danske Thomas Kingo og Dorothe Engelbretsdotter frå Bergen. Ho starta sjølv å skrive, og 20 av salmane hennar vart publiserte i songboka Kaars-Frugt. Denne kom ut i stort opplag, fyrste gong i 1701 og siste gong i 1846. Fleire av songane til Ingeborg levde på folkemunne fram til slutten av 1800-talet.

Spedalsk
Ingeborg vart spedalsk i ung alder, og gjennom hennar tekstar kan vi forstå at dette prega livet hennar sterkt. Infeksjonssjukdomen som går til åtak på hud og nervar var frykta i fleire tusen år, og på Ingeborg si tid vart dei spedalske gjerne sett på som levande daude. Mange vart sendt til St. Jørgens Hospital i Bergen, som frå 1400-talet fungerte som ein eigen by i byen for dei smitta av leprabasillen.

Ingeborg kunne bu på prestegarden i Holmedal, med familien og den store boksamlinga nær. Ho var isolert, men trass i dette kunne Ingeborg gjennom sine tekstar nå ut med si stemme til omverda. Hennar salmar nådde eit publikum langt utanfor det heimlege prestegjeldet. Manuskriptet som vart sendt heilt frå Holmedal til København og publisert i 1713, fortel om ei ambisiøs kvinne med mykje på hjartet.

 
Creative Commons-lisens
Teksten er lisensiert med ein Creative Commons Navngivelse-DelPåSammeVilkår 3.0 Norge lisens.

Om Anna Herland

Anna Herland. Foto: NÅ, Billedbladet/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Anna Herland. Foto: NÅ, Billedbladet/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

– vår fyrste kvinnelege ordførar

Anna Herland (1913-1990) vart landskjend då ho i 1955 vart vald til ordførar i Solund. Midt i husmortiåret var det ein sensasjon. Berre Utsira (1936) og Lillehammer (1940) hadde hatt kvinneleg ordførar før. I Sogn og Fjordane var ho den aller fyrste.

Livets skule i havgapet
Anna Sofie Strømmen voks opp som den eldste av 10 sysken på Geitarøy ved Kolgrov i Ytre Solund. Utdanninga hennar var sju års folkeskule, men livet gav henne ein allsidig praksis. Under krigen var ho mellom anna med og løynde flyktningar. Ho gifta seg med Oskar Herland og flytte til vêrharde Indrevær, heilt ute mot storhavet. Som islands- og grønlandsfiskar var Oskar borte store delar av året, så Anna var langt ifrå arbeidslaus med tre born og ansvaret for alt heime. I Indrevær var det ikkje telefon, og Solund hadde verken elektrisitet eller veg.

Ubetalt ordførar og sekretær på si
Anna Herland stod på Venstrelista og vart som einaste kvinne innvald i Solund kommunestyre i 1955. Mange undrast og var skeptiske då ho vart vald som ordførar. Ho var ei kvinne frå «grasrota», utan politisk røynsle. Men Anna hadde gode evner, talegåver, humoristisk sans og ikkje minst god arbeidslyst. Ordførarvervet var ubetalt, men Anna tok også på seg sekretærjobben i kommunen og tente såleis 5000 kroner i året. Som fyrste og einaste kvinne var ho også medlem av fylkestinget 1956-59. Der vart ho motteken som ei dronning, seier soga, og hausta både velvilje og ekstra kroner til Solund. Ho var vararepresentant på Stortinget i 1958-65.

Viktige saker og vanskeleg veg
Som ordførar hadde Anna Herland store saker å ta fatt på. Til Fylkestidende for Sogn og Fjordane sa ho i januar 1956 at «Den elektriske kraftutbyggingen i Solund har første prioritet (…) Deretter kan vi ta fatt på veibyggingen.» Betre kaiar og hamner til fiskebåtane, ny aldersheim og ny legeskyssbåt var også viktige saker for henne. Reisa frå Indrevær til kommunesenteret på Hardbakke var lang og strabasiøs, så ho gav seg i politikken etter ein periode.

 «The Norwegian Lady»
Ei stor ære var det då Anna Herland fekk delta i Erik Bye sitt populære radioshow Vi går om bord. Men si aller mest eventyrlege oppleving fekk ho likevel i 1962, då ho vart vald til å representera alle norske kvinner og avduka statuen «The Norwegian Lady» i Virginia Beach, USA.

Creative Commons-lisens
Teksten er lisensiert med ein Creative Commons Navngivelse-DelPåSammeVilkår 3.0 Norge lisens.

Om Tone Damli Aaberge

Tone Damli Aaberge. Privat foto

Tone Damli Aaberge. Privat foto

– popstjerne, draumefangar og Sogndalspatriot

Tone Damli Aaberge (1988-) frå Sogndal, er fylkets største myteknusar. Som superkjendis og det store tenåringsidolet i det nye tusenåret har ho resolutt knust mytane om grautmålet, det trauste, triste folket og fylket der Vestlandsfanden kjem frå.

Landskjend som 16-åring
Tone vart landskjend då ho 16 år gamal vart nummer to i tv-programmet Idol 2005. Her viste ungjenta tydeleg at ho hadde både høgt sjølvbilete og bein i nasa. Idolsirkuset gav henne ein pangstart på karrieren. Ho slutta på skulen, flytta til Oslo og greip sjansen. -Eg nyt livet til fulle, og elskar det eg gjer, sa ho i 2006 til avisa Firda. Det var popstjerne ho ville bli, ein draum ho hadde hatt frå barndommen, til liks med mange andre. Tone er ein av dei få som har klart å realisera draumen. I ein beinhard bransje og eit miljø der fordommane står i kø har ho trass sin unge alder vist handlekraft, jobba hardt og køyrt sitt eige løp. Tone har realisert måla sine med sognemålet og kjærleiken til bygda og fylket intakt.

Frå Idol til popstjerne
Vinteren 2005 gav ho ut sitt fyrste album «Bliss», som selde til gull. I 2006 hadde ho hadde ei av hovudrollestemmene i animasjonsfilmen Over hekken, og same året deltok ho i tv-programmet «La oss danse». Tone deltok også i den norske melodifestivalen Grand Prix 2009 der ho vart nummer to med melodien «Butterflies». Singelen selde til platinaplate og låg på VG-lista i 17 veker, med andreplass som beste plassering. Ho har førebels gitt ut fem album.

Toneår
-Eg er ein drøymar og lever no ut draumen min, seier Tone i dokumentarserien «Tone», som har gått på TV2 ettervinteren 2013. Her syner ho fram dei meir kvardagslege sidene av karrierelivet, ikkje berre ei polert Tone med glitter og stas.  Stolt viser ho også fram heimstaden og det meir private. 2013 må for henne kunne kallast eit «Toneår» der ho spelar på mange strengar, eige tv-program, tilbake i Idol som dommar, lansering av eigen kledekolleksjon og deltakar i den svenske melodifestivalen Grand Prix. Ho ynskjer no å erobra den svenske popmarknaden, og sommaren 2012 hadde ho ein svenskehit med låten Imagine, der ho song duett med Eric Sade.

Tone har realisert mange draumar, men vil nå lenger, seier ho i tv-programmet Tone. Kor langt og kvar – det vil tida visa.

Om Sara Cold Fridmann

Illustrasjon: Gerhard Munthe. Foto: Lars Asle Vold/De Heibergske samlinger - Sogn Folkemuseum

Illustrasjon: Gerhard Munthe. Foto: Lars Asle Vold/De Heibergske samlinger – Sogn Folkemuseum

– godhjarta presteenkje med fiskebåt og notbruk

Sara Cold (1714-1800) vart fødd på Romedal i Hedmark, og vart etter kvart prestefrue i Selje. Ho vart tidleg enkje. Trass vanskelege økonomiske kår, klarte ho å kosta utdanning på alle dei fire sønene sine.

Prostedotter og prestefrue
Sara var dotter av prost Isaac Cold. Cold-ætta hadde både rikdom og makt i Noreg. Sara vart trulova med Peder Harboe Frimann frå Selje medan han var kapellan på Nannestad. Dei gifta seg i 1745 og flytta til prestegarden i Selje. Mor til Peder, Anna Harboe Frimann, budde i lag med dei på prestegarden. Anna hadde ord på seg for å vere grisk og hard mot huslyden.

Klok kone
Sara vart kjend for å vere raus og godhjarta, og for å vere lækjarkunnig. Mange sjuke og fattige søkte råd hjå henne, og ho hjelpte dei etter beste evne med mat og medisinar. Sara hadde også fått god opplæring i vev, saum og måling heime, og dette var noko ho gjerne lærde andre unge kvinner i soknet. H.I. Birch gjer ho til eit berømt fruentimmer for desse eigenskapane, men også fordi ho klarte å kosta utdanning på alle sønene sine. Dette var nok mogeleg fordi dei fire fekk gå i skule med huslæraren til den nye soknepresten, Peter Angell. Sara vart enkje allereie i 1759, og hadde fire søner under 14 år å forsørgja. Birch skriv at ho sat trongt i det og måtte slita frå morgon til kveld, men ho gjorde kloke val og førde lønsamt hushald. Medan gode menn berre sende ein son til akademiet, sende ho alle fire.

Økonomisk sans
Økonomisk samanlikna Birch truleg Sara med andre kvinner frå same klasselag og ikkje med andre enkjer i Selje på den tida. Som preste-enkje fekk Sara ei årleg gasje. Til liks med svigermora heldt ho ein fiskebåt med mannskap og eige notbruk attåt, og ho fekk inntekter frå både torske- og sildefiske. Det ryktast at det var godt torskefiske i Skårfjorden desse åra. Ho delte hushald med den velståande svigermora i 24 år. Det blir sagt at svigermora skal ha vorte meir raus i alderdommen. Dessutan støtta familien opp om Sara og sønene.

Dikterinde
Sonen Claus Frimann ga Sara tittelen «Dikterinde» då han averterte dødsfallet i Bergens Adresse-Contoirs Efterretninger 21. februar 1800. Ho hadde sans for poesi og skreiv sjølv dikt. Det er berre to små vers att av det Sara dikta. Ho inspirerte gjerne sønene Claus og Peter som begge skreiv dikt og songar.

Creative Commons-lisens
Denne teksten er lisensiert under ein Creative Commons Navngivelse-DelPåSammeVilkår 3.0 Norge lisens.

Om Magni Øvrebotn

Magni Øvrebotn. Foto: NRK

Magni Øvrebotn. Foto: NRK

– journalist, NRK-redaktør og målkvinne

Magni Øvrebotten (1954-) er fødd i Botnane, Bremanger. Den profilerte journalisten, NRK-redaktøren og målkvinna er i dag leiar for NRK Nynorsk Mediesenter.  Saman med mannen Åsmund Berthelsen og borna Åshild og Tarjei har ho budd i Naustdal sidan 1982.

Botning og kystkvinne
Magni er eldst i ein syskenflokk på tre og voks opp på gard i den tid det var sjølvsagt at ungane skulle vera med i arbeidet. Ho måtte tidleg stå på eigne bein og ta eigne standpunkt, og alt som 14-åring måtte ho flytta til industribygda Svelgen for å gå på framhaldskule. Sjølv om ho seinare har budd mange stader, vil Magni alltid vera kystkvinne og botning i sjela.

Journalist for livet
Alt som 8-åring bestemte ho seg for å bli journalist, og 17 år gamal fekk ho sommarjobb i Gula Tidend, der legendariske Per Håland var redaktør. Det var ingen søndagsskule. I pressekrinsar heitte det at «overlever du som journalist i Gula Tidend, så er det ikkje anna råd enn at du må bli det». Magni overlevde.

Nynorsk var sjølvsagt
– I Botnane var nynorsk sjølvsagt då eg vaks opp. Men Besta fortalde at ho måtte skrive dansk på skulen. Det hadde vore forferdeleg, og ho tykte aldri ho vart god nok i norsk. Den uretten må ha sett seg fast i meg. For meg er det utenkjeleg å ikkje bruke nynorsk. Difor har eg teke ein del kampar for å få gjere det, både for eigen og andre sin del, seier Magni.

33 år i NRK
Innimellom folkehøgskule, gymnas og journalisthøgskule var Magni Øvrebotten aktiv i Senterungdommen og hadde sommarjobb i ulike aviser. I avisa Nationen ville nyhenderedaktøren bli kvitt henne fordi ho skreiv nynorsk, men lukkast ikkje. Frå 1980 har ho arbeidd i NRK Sogn og Fjordane, fem år som journalist, fem som redaksjonssjef og 14 som distriktsredaktør. Sidan 2004 har ho vore leiar for NRK Nynorsk Mediesenter, som vart oppretta i Førde i 2002.

Privilegert
– Eg er privilegert, seier Magni Øvrebotten. – Tenk å ha ein jobb som samlar i seg mest alt det eg brenn for! Her får eg rekruttere unge folk til journalistikken, «halde dei i handa» og vere med og lære dei opp til gode nynorskføredøme i media.

Creative Commons-lisens
Teksten er lisensiert med ein Creative Commons Navngivelse-DelPåSammeVilkår 3.0 Norge lisens.

Om Randi Blehr

Randi Blehr. Foto: Selma Jacobsson/Nasjonalbiblioteket

Randi Blehr. Foto: Selma Jacobsson/Nasjonalbiblioteket. Lisens: Creative Commons NamngjevingCreative Commons-lisens.

– kvinnesakskvinne, husflidsforkjempar og statsministerfrue

Randi Marie Blehr f. Nilsen (1851-1928) er mellom dei store kvinnesakspionerane i Noreg. Ho arbeidde også for målsaka, husfliden, unionsoppløysinga og fredssaka. Randi Blehr knyter tydelege band mellom fylket vårt og den nasjonale kvinnerørsla i tiåra rundt 1900.

Eit radikalt og aktivt ektepar
Randi var fødd i Bergen. Ho hadde ikkje utdanning, men sysla med teikning, teater og song og vart tidleg med i Vestmannalaget. Ho gifta seg med Otto Blehr (1847-1927) og flytta fyrst til Nordfjordeid og i 1877 til Lærdal, der mannen vart overrettssakførar. Otto Blehr starta og redigerte venstreavisa Sogns Tidende i Lærdal. Han var ordførar i åra 1882-88, stortingsrepresentant for Nordre Bergenhus Amt 1883-88 og vart seinare statsråd og statsminister både i Stockholm og i Oslo.

Noregs fyrste vevskule – i Lærdal
Randi Blehr var ivrig kvinnesakskvinne. Kvinnene, ikkje minst dei ugifte, måtte bli økonomisk sjølvstendige, meinte ho. Med dei nasjonale strøymingane sist på 1800-talet voks interessa for norsk husflid, og her såg Randi Blehr ein sjanse: – Hvad kan der ikke gjøres av ulden? Aaklederne kan blive en gangbar vare, skreiv ho i Sogns Tidende. I 1889 arrangerte ho ein tremånaders vevskule i Lærdal med heile 47 elevar, flest frå Indre Sogn, men også byfruer og kjende biletveversker som Frida Hansen. Kjerstina Vangsnes, fødd Hauglum, frå Fresvik underviste. Ho hadde teke opp att den gamle biletvevteknikken som var i ferd med å døy ut. Kurset vart ikkje berre viktig for å gjenreisa den gamle ruteveven og gje inspirasjon til ein ny næringsveg for mange kvinner i Sogn, men også biletvevkunsten allment.

Kvinnesak, unionsoppløysing og fredsarbeid.
I Kristiania vart Randi Blehr ei aktiv organisasjonskvinne. Ho deltok i stiftinga av Norsk Kvinnesaksforening i 1884 og var formann 1895-99 og 1903-1922. Ho var med og starta Kvinnestemmerettsforeningen i 1885, Norske Kvinners Sanitetsforening i 1896 og Norsk Kvinnesaksforenings Fagskole i huslig økonomi i 1899. I 1905 tok ho initiativ til ein landsomfattande aksjon der heile 565 kvinneforeiningar vende seg til Storting og regjering og kravde unionsoppløysing og kvinneleg stemmerett. Ho var også aktiv i fredsrørsla og vart leiar i Norske Kvinners Fredsforbund i 1903.

Kvinnene, kulturen og nasjonsbygginga
Randi Blehr høyrde til i krinsen rundt Hulda Garborg og la vekt på kvinnene si rolle i nasjonsbygginga og i kampen for norsk kultur. Ho heldt føredrag om norsk vevnad, og i lag med Hulda song ho folkeviser, dansa og kjempa for eit nynorsk teater. Randi Blehr fekk i 1921 kongens fortenestemedalje i gull.

Creative Commons-lisens
Denne teksten er lisensiert under ein Creative Commons Navngivelse-DelPåSammeVilkår 3.0 Norge lisens.