Digital forteljing

Denne digitale forteljinga om Ingeborg Grytten er også publisert på digitaltfortalt.no.

Du kan også kome til forteljinga ved å bruke denne QR-koden:

qr_Ingeborg_Grytten

Galleri

Kjerstina Vangsnes, fødd Hauglum, (1867-1915) som tok opp att den gamle biletvev-tradisjonen i  Sogn og lærte han vidare, mellom anna på vevskulen i Lærdal i 1889.

Kjerstina Vangsnes, fødd Hauglum, (1867-1915) som tok opp att den gamle biletvev-tradisjonen i Sogn og lærte han vidare,
mellom anna på vevskulen i Lærdal i 1889. Foto: De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum.

Brattegjerde på Lærdalsøyri, der Randi og Otto Blehr budde i vel eit tiår frå 1877.

Brattegjerde på Lærdalsøyri, der Randi og Otto Blehr budde i vel eit tiår frå 1877. Foto Mariell Øyre.
Grava til Otto Albert og Randi Marie Blehr på Vår Frelsers gravlund, Oslo. Foto Chris Nyborg

Grava til Otto Albert og Randi Marie Blehr på Vår Frelsers gravlund, Oslo. Foto Chris Nyborg

Adresse til storting og regjering frå norske kvinner i 1905

Adresse til storting og regjering frå norske kvinner i 1905

Kvinner lærer vevkunst

Kvinner lærer vevkunst. Foto: De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum.

Kvinner ved veven

Kvinner ved veven. Foto: De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum.

 

Galleri St. Sunniva

St.Sunniva frå Kulturhistorisk Museum i Bergen. Foto: Ragnhild Helena Aadland Høen

St.Sunniva frå Kulturhistorisk Museum i Bergen. Foto: Ragnhild Helena Aadland Høen

 

St.Sunniva på eit alterskap frå Austevoll.
St.Sunniva på eit alterskap frå Austevoll. Foto: Svein Skare – Universitetsmuseet i Bergen ©
Selje kloster. Foto: Kremle (CC-BY-SA Wikimedia Commons)

Selje kloster. Foto: Kremle (CC-BY-SA Wikimedia Commons)

Kinnaklova. Foto Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Kinnaklova. Foto Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Kinnakyrkja. Foto Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Kinnakyrkja. Foto Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Klosterruinar på Selja. Foto Per Olav Bøyum (CC-BY, Wikimedia Commons)

Klosterruinar på Selja. Foto Per Olav Bøyum (CC-BY, Wikimedia Commons)

Selje kloster og Sunnivakyrkja. Foto: Kremle (CC-BY-SA, Wikimedia Commons)

Selje kloster og Sunnivakyrkja. Foto: Kremle (CC-BY-SA, Wikimedia Commons)

Frimerke med St. Sunniva frå 1965.

Frimerke med St. Sunniva frå 1965.

Sunnivahola. Foto Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Sunnivahola. Foto Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Sunnivakjelda. Foto Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Sunnivakjelda. Foto Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

 

Galleri

Tone Damli Aaberge. Privat foto.

Tone Damli Aaberge. Privat foto.

Tone på scena i 2011. Foto: Ernst Vikne.

Tone på scena i 2011. Foto: Ernst Vikne.

Tone Damli Aaberge. Privat foto.

Tone Damli Aaberge. Privat foto.

Tone i Sogndalsdrakt. Privat foto.

Tone i Sogndalsdrakt. Privat foto.

Galleri

Marie Stang spelar fele. Foto Paul Stang - Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Marie Stang spelar fele. Foto Paul Stang – Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Kvinne og hardingfele. Illustrasjon: Olav Rusti. Foto: Lars Asle Vold/De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum

Kvinne og hardingfele. Illustrasjon: Olav Rusti. Foto: Lars Asle Vold/De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum

Jørgina og Marie Stang, Foto Paul Stang - Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Jørgina og Marie Stang, Foto Paul Stang – Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Hardingfele Foto Marcus Ramberg

Hardingfele. Foto: Marcus Ramberg

Les meir om Amanda

Amanda Grotle Igland (1917 – 2002)

Amanda var ei rakrygga stridskvinne, men også godlynt og omgjengeleg, fortel dei som kjende henne. Smilet og latteren satt laust i ho. Få kvinner har fått utretta så mykje som Amanda. Ho spreidde kunnskap om kystkulturen og kystfolket, og fekk gjennomslag for viktige velferdsløft for fiskarfamiliane.

«Røtene mine er i fiskar- og småbrukarmiljøet..»

Amanda vaks opp i Bremanger i mellomkrigstida, i eit miljø der ein henta utkomme frå to næringar; fiskeri og jordbruk. Det var ingen overflod, men med nøysemd fekk dei endane til og møtast. Ho fortalde om trygge barneår der alle i familien var viktige i det daglege arbeidet. Om vinteren var alle samla i kjøkenet for der var det fyr i omnen. Mora og bestemora spann og vov, og karane sat der og stelte med garna sine. Så snart leksa var lært, kara ho krullar til rokken.

I kontrast til dei gode minna, sto opplevinga av uro når karane var ute på sjøen i styggevêr. Somme tider var dei borte i lang tid, og damene måtte ordne alt på land. Det vart mange tunge tak, men verst var likevel uvissa for han i båten, meinte Amanda. Ho vart sjølv fiskarkone før ho fylte tjue år, og fekk føle den uvissa.

Utkomme av fiskeria varierte frå år til år, og den økonomiske stoda i ein fiskarheim like så. Stundom gjekk det også gale på sjøen. Far, ektemann eller bror kom heim med store skadar, eller dei kom ikkje heim i det heile. I den tid fanst det ikkje forsikringar eller pensjonsordningar som sikra fiskarfamiliane økonomisk, og det var mange som fekk det svært vanskeleg. Det opprørte Amanda at kystfolket var så lite påakta.

Fiskarkvinne og politikar

Etter 2. verdskrig vart det skipa fiskarkvinnelag mange stader langs kysten, og i Bremanger vart Amanda formann i til saman 23 år. Norges fiskarkvinnelag vart skipa i 1953, og Amanda var leiar også der i 11 år. Ho var drivkrafta bak å få kvinnene representerte i Norges fiskarlag, og

I lokallaga var oppgåva frå starten av å fylle hjelpekassene og skaffe pengar til mange gode velferdstiltak. Amanda hadde stor respekt for det arbeidet, men ho meinte fiskarkvinnelaga skulle arbeide med politiske saker også. Det var tema i fleire av landsmøte-talene hennar, her sitert frå Bodø i 1977:

«Vi er ei gruppe kvinner, tilhøyrande den eldste modernæring i landet vårt, som har gjort oss svært lite gjeldande i det sokalla offentlege liv fram til vår tid. At det har vore slik, har vel i grunnen ei naturleg årsak. Bondekvinna er ein del av jordbruksnæringa, småbrukarkvinna like så, men fiskarkvinna er ikkje knytt til fiskerinæringa på same måten… Fiskarkvinna kan ikkje, som bonde- og småbrukarkvinna kan det, vere med på mannen sin arbeidsplass som for fiskarens del er båten og det store hav. Ho er husmor og mor og heimeverande for å ta seg av dei mange tusen fiskarheimane langs vår langstrakte kyst. I mange av desse heimane lyt fiskarkvinna vere åleine om ansvaret i månadsvis om gangen. … At desse fiskarane.. er glad for at dei har ei kone som ordnar opp med renter, avdrag og barneoppdragelse, nei det tviler eg ikkje på. Det hadde ikkje gått utan, heller. ..

Norges fiskarlag tek hand om.. prisforhandlingar, fiskerigrensespørsmål, fiskerisoner og langtidsplan for fiskeriene. Alt dette gjer at .. heim og miljø og våre sosiale og kulturelle interesser i den samanheng har kome i bakgrunnen. Her er det etter mitt syn kvinnelaga har si store utfordring.»

Amanda kunne ordlegge seg og argumentere slik at andre såg saka frå hennar vinkel. Ho var drivkrafta bak at kvinnene fekk innpass i Norges Fiskarlag, og ho sat i fleire politiske utval og nemnder både i fylket og på nasjonalt plan. Ho var medlem av partiet Venstre og vart vald inn i kommunestyret i Bremanger.

Både menn og kvinner langs kysten la merke til kor flink ho var med orda, og ho fekk svært mange verv. Ho engasjerte seg mest i sosiale og kulturelle saker slik ho nemner i talen i 1977, altså for familie, skule, helse, miljø og kulturvern, men også fiskerinæringa, distriktspolitikk og samferdsle på kysten fekk merksemd.

«Amanda er ein samfunnsbyggjar i ordets rette forstand», sa fylkesmann Ulveseth då ho fekk Kongens fortenestmedalje i gull i 1987. Lista over alt ho hadde vore med på, var lang. I alle høve evna ho å tenkje på heilskapen og til felles beste. Men då Amanda fekk høyre ho skulle få medalje i gull, hadde ho svaret klart: «Gull! Hadde det endå vore koppar!»

Pensjonatvertinne

Omkring 1970 starta Amanda og ektemannen pensjonatet Havly i Bremanger. I dei tider kom det ofte tilreisande arbeidarar frå til dømes hamnevesenet og kystverket, og det var trong for eit pensjonat. Mange hugsar Amanda først og fremst som pensjonatvertinne. Ho vart kjend for smilet og det vi i dag vil kalla sørvisinnstillinga si. Uansett kor seint ein arbeidar kom inn dørene på Havly, fekk han middag. Var det ikkje anna råd med det, gjorde ho ein «patent», det vil seie karbonade med speilegg.

Arbeidsfolket vart glade i Amanda. Ho tok det meste med godt humør, minnast ein representant frå televerket. Han skulle strekke telefonkabel frå kontoret hennar og inn i stova, og han bora seg gjennom veggen. Den var svært tjukk den veggen, men endeleg vart det då hol. Då han skulle sjå nærare på verket, hadde han bora gjennom både vegg og sofabein. Han vart både flau og lei seg, men Amanda berre lo og sa tvitydig: «Det der kunne kven so helst ha gjort!»

Ordkunstnar

Det var ikkje berre gjennom taler og gode replikkar Amanda fekk fram meininga si. Ho skreiv både artiklar og lesarbrev i avisene. Bergens Tidende hadde ei spalte dei kalla Synspunkt, og til den leverte ho mange innlegg. Ho hadde synspunkt på mangt og mykje, og dei skreiv ho ned ved kjøkenbordet tidlig om morgonen. Det var penn og papir ho brukte, og handskrifta var jamn og tydeleg.

Innimellom refleksjonar over samfunnsspørsmål og saker ho hadde lese om i avisa, kom ho med skildringar av vêret, naturen eller eit minne frå barndommen. På forunderleg vis skapte ho samanheng mellom det daglegdagse livet og dei større hendingane ho ville gi synspunkt på. Lesaren kunne lett halde tråden, og det vart slett ikkje keisamt. Fleire av synspunkta er god lesnad også i dag.

Pensjonist

For ei dame med så mange jarn i elden og så mange hjartesaker, var det kan hende ikkje lett å verte pensjonist. Ho snakka om det sjølv i ei tale til Bremanger Fiskarkvinnelag:

«Alt har si tid her i livet. ..I menneskelivet har vi barndomstid, ungdomstid manndomstid og til slutt alderdomstid og dei gråe hår. Den evige livssyklusen er uforanderlig og ubønhørlig. Du er komen til ein stille veg i livet. Har nådd dei 67 og er ikkje valbar lenger. Heretter tilhøyrer du pensjonistanes rekker for resten av di levetid. Alt har si tid.»

Dei første åra som pensjonist var ho framleis i aktivitet støtt. Men etter kvart svikta helsa, og Amanda gjekk bort i 2002 berre 83 år gamal. Arven etter ho er meir enn det jordegods barna hennar fekk. Både heimbygda Bremanger og heile kyst-Noreg har framleis nytte av det arbeidet ho la ned.

Brev frå Dagny Juel

Brev frå Dagny Juel til Randi Blehr hausten 1889

Kjære tante, det er noget som hviler tungt på min samvittighed! Tænk jig glemte Marte Movikens kopper. Jig skulle ha sendt hende 4 par kopper fra Bergen. Søte dig kunde ikke du kjøbe nogen hos Sivertsen og sende hende, så skal jeg sende dig pengerne i frimærker? Du gjør mig en skrækkelig stor tjeneste i såfald.

Galleri

Synnøve Finden med hund. Foto Esther Langberg - Oslo Museum

Synnøve Finden med hund. Foto Esther Langberg – Oslo Museum. Lisens: CC-BY-SA

Synnøve Finden omkransa av blomebukettar i stova. Foto: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Synnøve Finden omkransa av blomebukettar i stova. Foto: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Synnøve Finden, portrett. Foto Esther Langberg

Synnøve Finden, portrett. Foto Esther Langberg/Oslo Museum. Lisens: CC-BY-SA

 

Ved Synnøve Finden ostefabrikk. Foto Esther Langberg - Oslo Museum

Ved Synnøve Finden ostefabrikk. Foto Esther Langberg – Oslo Museum. Lisens: CC-BY-SA

Synnøve Finden ostefabrikk. Foto Esther Langberg - Oslo Museum

Synnøve Finden ostefabrikk. Foto Esther Langberg – Oslo Museum. Lisens: CC-BY-SA.

Synnøve Finden ostefbrikk. Foto Esther Langberg - Oslo Museum

Synnøve Finden ostefbrikk. Foto Esther Langberg – Oslo Museum. Lisens: CC-BY-SA.

Synnøve Finden og Pernille Holmen. Foto Esther Langberg - Oslo Museum

Synnøve Finden og Pernille Holmen. Foto Esther Langberg – Oslo Museum. Lisens: CC-BY-SA.

Lækjarkunnige

Lækjarkunnige

I løpet av 1600-talet vart lækjarverksemda lovregulert. Etter forordning frå Christian IV i 1619 skulle berre autoriserte medisinmenn lage og gi folk medisin, og etter kongeleg påbod i 1672 måtte ein lækjar ha eksamen frå universitetet i København. Reguleringa kom fordi det var mange kvakksalvarar som lura pengar av folk, men også frykta for hekseri og djeveldyrking var stor.

Birch skreiv at sjuke fekk råd, medisinar og pleie hos Sara. Kvar hadde ho fått kunnskap om medisin og kvar fekk ho medisin frå? I familien hennar er det ikkje oppgitt nokon lege, og legestudiar var ikkje for kvinner. Truleg hadde Sara kontakt med ein autorisert lege som sende ho medikament. Etter at sonen Johan vart ferdig utdanna lege, skreiv ho til han etter medisinar. Johan må ha stolt på diagnosane hennar for han sende medisinane ho ville ha.

Sara stelte vel i huset, og hygienen var truleg betre hos henne enn hos mange sambygdingar på den tida. God hygiene kan ha ført til at folk ho pleia vart fortare og oftare friske.

Dikt

Velkommen her på Sildens Land
af salten Sø, du Vandringsmand.
Takk Gud som dig ledsager.
Lad nu goddædigt Hjerte se
mod den nødtrængte fattige
som Gaver her modtager.

Da vores Bøn til Himles Gud
av Hjertets Grund skal flyde ud:
Du glad til Hus må komme
og siden du i Himmerig
hvor Storm og Vind ei skader dig,
må samles blandt de fromme.