Om Magni Øvrebotn

Magni Øvrebotn. Foto: NRK

Magni Øvrebotn. Foto: NRK

– journalist, NRK-redaktør og målkvinne

Magni Øvrebotten (1954-) er fødd i Botnane, Bremanger. Den profilerte journalisten, NRK-redaktøren og målkvinna er i dag leiar for NRK Nynorsk Mediesenter.  Saman med mannen Åsmund Berthelsen og borna Åshild og Tarjei har ho budd i Naustdal sidan 1982.

Botning og kystkvinne
Magni er eldst i ein syskenflokk på tre og voks opp på gard i den tid det var sjølvsagt at ungane skulle vera med i arbeidet. Ho måtte tidleg stå på eigne bein og ta eigne standpunkt, og alt som 14-åring måtte ho flytta til industribygda Svelgen for å gå på framhaldskule. Sjølv om ho seinare har budd mange stader, vil Magni alltid vera kystkvinne og botning i sjela.

Journalist for livet
Alt som 8-åring bestemte ho seg for å bli journalist, og 17 år gamal fekk ho sommarjobb i Gula Tidend, der legendariske Per Håland var redaktør. Det var ingen søndagsskule. I pressekrinsar heitte det at «overlever du som journalist i Gula Tidend, så er det ikkje anna råd enn at du må bli det». Magni overlevde.

Nynorsk var sjølvsagt
– I Botnane var nynorsk sjølvsagt då eg vaks opp. Men Besta fortalde at ho måtte skrive dansk på skulen. Det hadde vore forferdeleg, og ho tykte aldri ho vart god nok i norsk. Den uretten må ha sett seg fast i meg. For meg er det utenkjeleg å ikkje bruke nynorsk. Difor har eg teke ein del kampar for å få gjere det, både for eigen og andre sin del, seier Magni.

33 år i NRK
Innimellom folkehøgskule, gymnas og journalisthøgskule var Magni Øvrebotten aktiv i Senterungdommen og hadde sommarjobb i ulike aviser. I avisa Nationen ville nyhenderedaktøren bli kvitt henne fordi ho skreiv nynorsk, men lukkast ikkje. Frå 1980 har ho arbeidd i NRK Sogn og Fjordane, fem år som journalist, fem som redaksjonssjef og 14 som distriktsredaktør. Sidan 2004 har ho vore leiar for NRK Nynorsk Mediesenter, som vart oppretta i Førde i 2002.

Privilegert
– Eg er privilegert, seier Magni Øvrebotten. – Tenk å ha ein jobb som samlar i seg mest alt det eg brenn for! Her får eg rekruttere unge folk til journalistikken, «halde dei i handa» og vere med og lære dei opp til gode nynorskføredøme i media.

Creative Commons-lisens
Teksten er lisensiert med ein Creative Commons Navngivelse-DelPåSammeVilkår 3.0 Norge lisens.

Om Randi Blehr

Randi Blehr. Foto: Selma Jacobsson/Nasjonalbiblioteket

Randi Blehr. Foto: Selma Jacobsson/Nasjonalbiblioteket. Lisens: Creative Commons NamngjevingCreative Commons-lisens.

– kvinnesakskvinne, husflidsforkjempar og statsministerfrue

Randi Marie Blehr f. Nilsen (1851-1928) er mellom dei store kvinnesakspionerane i Noreg. Ho arbeidde også for målsaka, husfliden, unionsoppløysinga og fredssaka. Randi Blehr knyter tydelege band mellom fylket vårt og den nasjonale kvinnerørsla i tiåra rundt 1900.

Eit radikalt og aktivt ektepar
Randi var fødd i Bergen. Ho hadde ikkje utdanning, men sysla med teikning, teater og song og vart tidleg med i Vestmannalaget. Ho gifta seg med Otto Blehr (1847-1927) og flytta fyrst til Nordfjordeid og i 1877 til Lærdal, der mannen vart overrettssakførar. Otto Blehr starta og redigerte venstreavisa Sogns Tidende i Lærdal. Han var ordførar i åra 1882-88, stortingsrepresentant for Nordre Bergenhus Amt 1883-88 og vart seinare statsråd og statsminister både i Stockholm og i Oslo.

Noregs fyrste vevskule – i Lærdal
Randi Blehr var ivrig kvinnesakskvinne. Kvinnene, ikkje minst dei ugifte, måtte bli økonomisk sjølvstendige, meinte ho. Med dei nasjonale strøymingane sist på 1800-talet voks interessa for norsk husflid, og her såg Randi Blehr ein sjanse: – Hvad kan der ikke gjøres av ulden? Aaklederne kan blive en gangbar vare, skreiv ho i Sogns Tidende. I 1889 arrangerte ho ein tremånaders vevskule i Lærdal med heile 47 elevar, flest frå Indre Sogn, men også byfruer og kjende biletveversker som Frida Hansen. Kjerstina Vangsnes, fødd Hauglum, frå Fresvik underviste. Ho hadde teke opp att den gamle biletvevteknikken som var i ferd med å døy ut. Kurset vart ikkje berre viktig for å gjenreisa den gamle ruteveven og gje inspirasjon til ein ny næringsveg for mange kvinner i Sogn, men også biletvevkunsten allment.

Kvinnesak, unionsoppløysing og fredsarbeid.
I Kristiania vart Randi Blehr ei aktiv organisasjonskvinne. Ho deltok i stiftinga av Norsk Kvinnesaksforening i 1884 og var formann 1895-99 og 1903-1922. Ho var med og starta Kvinnestemmerettsforeningen i 1885, Norske Kvinners Sanitetsforening i 1896 og Norsk Kvinnesaksforenings Fagskole i huslig økonomi i 1899. I 1905 tok ho initiativ til ein landsomfattande aksjon der heile 565 kvinneforeiningar vende seg til Storting og regjering og kravde unionsoppløysing og kvinneleg stemmerett. Ho var også aktiv i fredsrørsla og vart leiar i Norske Kvinners Fredsforbund i 1903.

Kvinnene, kulturen og nasjonsbygginga
Randi Blehr høyrde til i krinsen rundt Hulda Garborg og la vekt på kvinnene si rolle i nasjonsbygginga og i kampen for norsk kultur. Ho heldt føredrag om norsk vevnad, og i lag med Hulda song ho folkeviser, dansa og kjempa for eit nynorsk teater. Randi Blehr fekk i 1921 kongens fortenestemedalje i gull.

Creative Commons-lisens
Denne teksten er lisensiert under ein Creative Commons Navngivelse-DelPåSammeVilkår 3.0 Norge lisens.

Om Malla Moe

Malla Moe. Foto: De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum

Malla Moe. Foto: De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum

– frå Hafslo til Afrika med misjonskall og kjærleiksbodskap

Petra Malene Moe (1863-1953) vart fødd i Hafslo. Foreldra var haugianarar, og Malla vart omvend då faren døydde i 1880. Då også mora døydde, reiste 19 år gamle Malla og veslesystera Dorte til halvsystera i Chicago. Der kom Malla i kontakt med Skandinavisk Alliansemisjon og vart med i den fyrste misjonærgruppa dei sende til Afrika i 1892.

Misjonær i Swaziland
Malla hadde verken utdanning eller praksis då ho kom til Swaziland. Men ho hadde misjonskall, 14 dagars opplæring og ein sterk vilje. Ho flytte ut til dei innfødde, budde og åt med dei og lærte språket deira. Ho var uvanleg lett på foten og gjekk omkring på vegane og evangeliserte. Ein gong ho kom til ein annan misjonsstasjon, spurde misjonæren om ho hadde gått alle 16 kilometrane.
– Nei, sa Malla, eg har sprunge mykje av vegen og har hatt gleda av å føra 16 sjeler til Kristus!

To feriar på 60 år
I løpet av sine 60 år i Swaziland og Zululand hadde Malla berre to feriar. Dei nytta ho til å reisa rundt i USA og Noreg og forkynna og samla inn pengar til kyrkjer og skular i Swaziland. I USA oppretta ho faste grupper som samla inn pengar til misjonsarbeidet.

Bedehuset på Hafslo
På Hafslo hadde dei ikkje bedehus, men Malla var van med å tigga og fekk broren i Moe til å gje tomt og broren i Tang til å gje tømmer. Med mykje dugnad starta dei bygginga i 1922 og vart ferdige same hausten.

Konge og kvarmann i Evangelievogna
På sine eldre dagar, då Malla ikkje lenger greidde å gå til fots, fekk ho laga seg ei husvogn, som ho reiste rundt i, med seks hjelparar og 16 esel. Her kunne ho bu og frakta alt ho trong, i tillegg til å ta imot gjester og arrangera møte. Sjølv kong Sobuza II av Swaziland og mor hans bøygde kne i evangelievogna!

Aktiv og elska
Malla var aktiv til det siste og fekk bygt heile fem kyrkjer og ein skule i Swaziland etter fylte 70 år. Den gamle, kvite kvinna var høgt elska og vart kalla mor. Ho døydde i 1953, etter 60 års misjonsarbeid. Ho vart gravlagd i Swaziland, og alle dei sørafrikanske stammane deltok i gravferda.

 
Creative Commons-lisens
Denne teksten er lisensiert under ein Creative Commons Navngivelse-DelPåSammeVilkår 3.0 Norge lisens.

Om Sigrid Henjum

– kajakkpadlar, klatrar, skiløpar, kokk, jeger og eventyrar

Sigrid (1983-) frå Leikanger, no busett i Sogndal, elskar utfordringar. Med stålvilje og sekken full av positive haldningar dreg ho stadig på nye natureventyr og viser at jenter både kan og vil. Grenser er til for å flyttast.

Alt er mogeleg
Sigrid er blitt kjend som jenta som torer meir enn dei fleste, og som realiserer draumar under nære og fjerne himmelstrok. Basen er i Sogn, men ho tek heile verda i bruk i jakta på nye opplevingar, som guide og ekspedisjonsleiar for folk som ynskjer å utfordra seg sjølv og naturen.  Sigrid er utdanna sjukepleiar, har studert friluftsliv og er utdanna kajakkinstruktør. Ho har jobba som sjukepleiar, breførar, turistguide og kokk. Sigrid jobbar også som fast guide på padleturar på austkysten av Grønland. Ho er også blitt ein ettertrakta foredragshaldar.

 Naturen tek og naturen gjev
Hausten 2010 padla Sigrid, som einaste jente, i ei kajakkgruppe der målet var å kome seg rundt Sør-Georgia i Antarktisk. Dei lukkast som dei fyrste, sjølvforsynte,  i verda. Ho hadde same sommaren mista sambuaren i ei klatreulukke. -Eg vil bli glad igjen, sa Sigrid, og tok tak i livet og nye utfordringar. Padleturen gav ro til ettertanke og ekstreme naturopplevingar med nærgåande elefantselar, vind med orkan styrke og ein knust kajakk.

I 2011 leia ho ein ekspedisjon over Grønlandsisen, vinteren 2012 var ho eitt av portretta i NRK-dokumentaren «Fjellfolk». Serien handla om folk som tykkjer det å kome seg ut i naturen er det viktigaste av alt, men også kva dei ofrar for å kunne leve slik. Denne vinteren har ho saman med kjærasten Sander Buene starta opp Sogndal Lodge, ein samlingsstad for fjellglade med overnatting og guida opplevingar. I vår står mellom anna Svalbard og leiing av ein Grønlandsekspedisjon for tur.

Ikkje rik på pengar, men opplevingar
– Eg håper det blir krevjande, seier Sigrid når ho legg ut på nye eventyr. Ho ynskjer å vise at vanlege folk også kan få med seg ekstreme eller uvanlege opplevingar, for alt går an, meiner ho. Sigrid tykkjer det er kjekt at folk let seg inspirere, ikkje berre til det ekstreme, men til å ta naturen i bruk.

-Sigrid Henjum er tøffare enn dei fleste, og den personen som gjorde mest inntrykk på meg i 2010, sa journalist Malene Vilnes i NRK.  Ho refererte til innstillinga og ståpåviljen til jenta, men også livsvala hennar.  Sigrid har valt vekk eit tradisjonelt karriereliv og materialisme til fordel for eit liv fylt med naturopplevingar og den rikdommen dette gjev.

Creative Commons-lisens
Denne teksten er lisensiert under ein Creative Commons Navngivelse-DelPåSammeVilkår 3.0 Norge lisens.

Om Audhild Viken

Audhild Viken. Foto: Knut Uppstad/Stavanger aftenblad

Audhild Viken. Foto: Knut Uppstad/Stavanger aftenblad

– Pioner for marknadsføring og omsetnad av husflidsvarer

Audhild Viken (1915-2000) vaks opp på garden Fossheim i Jølster, der mor hennar, Olina Fossheim, var kjend som ei kjelde til kunnskap om og samlar av tradisjonell klednad. Audhild organisererte etter kvart eit stort nettverk av medarbeidarar og utvikla eit salsapparat gjennom Audhild Vikens Vevstove, den største turisthandelsverksemda i Noreg.

Å gripa sjansen
I ei tid då mange vende ryggen til det tradisjonelle og til dei norske husflidstradisjonane, ville Audhild ta vare på og spreia desse. Ho starta i det små med å byte vevnad mot andre varer i Bergen. Dette fekk fleire til å forstå at husflidsvarer framleis hadde ein stor verdi.

Under krigen 1940–45 vart det god marknad for vevnader på grunn av mangel på tekstilartiklar. Like etter krigen kom andre varer som utkonkurrerte vevsakene ei tid. Tidleg i 1950-åra tok omsetnaden seg opp att. Audhild starta vevstove og etablerte firmaet Audhild Vikens Vevstove på Skei i Jølster i 1950. Litt etter vart ektemaken arbeidsufør, og Viken vart eineforsørgjar av familien med mann og to søner.

Organisert produksjon og omsetnad
Med rikeleg tilgang til heimeproduserte husflidsprodukt reiste Audhild rundt med varer i kofferten. Salsturneane gjekk fyrst med rutegåande transport, med båt, til fots, på sykkel og moped, og etter kvart med bil. Dei omfatta etter kvart heile Sør-Noreg. Ofte var det slekt eller vener som tilbaud overnatting. Interessa for produkta ho baud fram var stor, og salet auka sterkt. Ho hadde ei tid over 200 deltidsengasjerte vevarar frå store delar av Sunnfjord.

For kvinnene som produserte for Audhild var dette vart ei viktig attåtinntekt. Svært mange var husmødrer som ikkje hadde arbeid utanfor heimen, og for dei var husflidsproduksjonen og inntekta kjærkomen.

Audhild greidde å organisere produksjon og omsetnad slik at produksjon av husflidsvarer kunne bli ein leveveg for mange i utkant-Noreg. Ho har vore ei føregangskvinne for det som i dag er eit viktig slagord i husflidsarbeidet: «Frå tradisjon til næring».

Turisthandel
Viken tilsette etter kvart faste medarbeidarar og måtte sjølv slutta å veve for å ta seg av drifta av firmaet, og ikkje minst val av nye mønster og fargar i produkta. Utsalet på Skei vart utvida etter kvart og trekte til seg den aukande turiststraumen i Noreg. Turisthandelen auka sterkt framover mot tusenårsskiftet. I sommarsesongen er utsalet på Skei no ein fast stoppestad for turistbussar frå mange land og turistar frå alle verdsdelar.

Om Erna Osland

Erna Osland. Foto: Lene Løtvedt

Erna Osland. Foto: Lene Løtvedt

– prisløna forfattar og lærar

Erna Osland (1951-) frå Høyanger  har skrive om lag 40 bøker sidan debutboka «Natteramnen» kom i 1987. Den tidlegare læraren skriv mest bøker for born og unge, og ho er ikkje redd for å utfordra lesarane sine.

Lærar
Erna vaks opp som dotter av ein skiftarbeidar i industristaden Høyanger. Arbeidarjenta tok utdanning, vart lektor og skreiv hovudfagsoppgåve om barnelitteratur. Ho har undervist både på barne- og ungdomsskule, samt i den vidaregåande skulen. Då Erna debuterte med si fyrste bok i 1987, hadde ho jobba som lærar i ti år. Den tette kontakta med ungdom har vore med å forma Erna som forfattar. Erna skreiv fleire bøker medan ho jobba som lærar, men i 1993 la ho til side kritt og svamp for å skriva på fulltid.

Språk, fag og moro
Som nynorskforfattar har Erna engasjert seg for å skapa ei større breidde i boktilbodet for born og unge. Ho har blant anna fokusert på lettlesne bøker på nynorsk. Andre døme på hennar arbeid er skodespelet Rekneprinsen som turnerte med den Kulturelle skulesekken i 2007, og to seriar for radioteateret innspelt i Førde. I tillegg til barne- og ungdomsbøker har Erna også skrive fleire fagbøker for born. Eit døme på dette er ei bok som formidlar Ivar Aasen sitt prosjekt i teikneserieform.

Ein fornyar
Erna Osland er ein forfattar som ikkje er redd dei store tema. Hennar karakterar set ord på det farlege og vanskelege. Erna har blant anna skrive om sorg, incest, mobbing, steling, vanskeleg kjærleik og om det å sakna ein far. Det er inga lett oppgåve å leggja ord i munnen på born og unge på den måten Erna gjer i bøkene sine, men det er tydleg at ho kjenner sitt publikum godt. Ho må ha bore med seg ei barnlege undring inn i vaksenlivet. Ho formidlar godt ei uvisse som born og unge kjenner på, der sanning og moral ikkje alltid er absolutte storleikar. Som formidlar er ho ikkje påtrengjande og formanande, men inviterer lesarane med seg i undringa og utforskinga av verda.

Prisar og utmerkingar
Sidan debuten har det har hagla med prisar og utmerkingar. Erna har blant anna fått Brageprisen, Nynorsk barnelitteraturpris og Kultur- og kyrkedepartementet sin pris for barne- og ungdomslitteratur. Også internasjonalt har Erna utmerka seg.

I 2004 vart Erna, som den fyrste barnebokforfattaren, festspeldiktar under Festspillene i Bergen (2004), og etter dette har ho også vore festspeldiktar under Dei nynorske festspela (2007) og Falturiltu (2009).

Om Rangele Lassesdotter Varlid

Illustrasjon av kvinne: Olav Rusti Foto: Lars Asle Vold/De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum

Illustrasjon av kvinne: Olav Rusti Foto: Lars Asle Vold/De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum

 –  tre ektemenn og brur i høg alder

Rangele Lassedotter ( 1620-1707) frå Hyllestad må ha vore kring 80 år då ho i 1700 gjekk opp kyrkjegolvet i Hyllestad for å bli vigd for tredje gong. Brudgommen var om lag 25 år yngre enn den vordande kona si. Dette giftarmålet handlar neppe om kjærleik, men det fortel om kvinneliv og ålmenne trekk ved det gamle bondesamfunnet.

Omriss av eit liv
Rangele kjem inn i historia i ei tid då kjeldene byrjar å namngje folk. Frå 1600-talet får fleire og fleire dei viktigaste hendingane i liva sine, som dåp og gravferd, innførte i ei kyrkjebok. Likevel er det svært lite vi veit om Rangele. Då ho døydde i 1707, vert det opplyst i kyrkjeboka at ho hadde nådd den høge alderen av 87 år, og at foreldra heitte Lasse Olson Nes og Siri Olsdotter. Rangele må såleis ha blitt fødd rundt 1620, truleg på garden Nes i Hyllestad.

Ho kom til Varlia då ho gifta seg med ein Nils Knutson. I 1686 blei Rangele gift for andre gong. Denne ektemaken, Ole Knutson, tok nokre år etter livet av seg. I 1700 vart ho ektevia for tredje gong, med Lars Arneson, opphavleg frå garden Smilla. Rangele fekk, etter det kjeldene fortel  oss, ingen born.

Giftarmål og levebrød
Sjølv om det ikkje var vanleg med brurer på 80 år, så var skikken med oppattgifte utbreidd. Det galdt rett nok i større grad for menn enn for kvinner. Men òg mange enkjer valde å gifta seg på nytt, særleg dersom dei var unge då ektefellen fall i frå. I folketeljinga 1801 skal kring 15 % av alle ekteskap ha vore mellom enkjer og tidlegare ugifte menn.

Å gifta seg var nærast synonymt med å ha tilgang til eit levebrød. For mange menn var ekteskap med enkjer ein måte å sikra ei utkome på, sjølv aldersskilnaden mellom dei var stor. For enkjene på si side, var det ofte naudsynt å få inn mannleg arbeidskraft, anten dette skjedde ved hjelp av tenarar eller gjennom eit nytt ekteskap.

Likevel sit vi att med spørsmålet om kvifor Rangele valde å gifta seg på nytt i så høg alder. Truleg kunne ho ha overlate garden til yngre krefter, og sjølv ha sikra seg eit kår – eller tykte ho at dette var ei usikker form for «pensjon»? Var det kanskje ein sterk personlegdom som gjorde at ho ville ha styringa med garden, eller skuldast det ei særleg otte for alderdomen, ettersom ho ikkje hadde born som kunne ta seg av henne?

Om Samuline Seljeset

Illustrasjon av ung kvinne og fele

Illustrasjon av ung kvinne: Olav Rusti. Foto: Lars Asle Vold/De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum.

– felespelar før pietismen

Hornindal og bygdene rundt har ein særs sterk tradisjon når det gjeld kjende, kvinnelege spelemenn. På 1700- og 1800-talet var det ingen andre stader i Noreg med like høg førekomst av kvinnelege felespelarar som i Nordfjord og på Sunnmøre. Mest kjend var Samuline Seljeset (1804-1872) som står bak slåtten «Samulinespringaren».

Musikalsk familie
Samuline Seljeset vart fødd på garden Muldsvor i Hornindal kommune i Nordfjord, på grensa til Sunnmøre. Foreldra var Anders Rasmussen og Anne Olsdatter. Dei var fire sysken, ein gut og tre jenter. Både broren Rasmus og systrene Synneve og Ingeborg spelte fele. Som lita jente fekk Samuline opplæring av den omreisande spelemannen «Blinde-Rasmus», og ho møtte dessutan spelemannen «Loms-Jakup».

Familieliv
10. juli 1825 vart Samuline gift med Elling Andersen, og då gifte ho seg til garden Seljeset, som låg litt lengre ned i dalen. Elling og Samuline fekk ni born, men ikkje alle borna vaks opp. Historia fortel at Elling vart sur og furten når Samuline steig til hest og reiste på spelferd, for då laut han sjølv sjå etter garden og passe borna.

Hardingfela – djevelens instrument
Ein har ikkje noko eintydig svar på det høge talet kvinnelege spelemenn, men ein kan tydeleg sjå kvifor dette unike miljøet tok slutt. Den pietistiske bølgja som kom på slutten av 1800-talet førte til ei haldningsendring. Det var andre modellar for kva som sømde seg, og det var ikkje lenger akseptert for kvinner å spele fele. Spelemannslivet var knytt til alkohol, og ein ynskte å skåne kvinnene for denne livsstilen. Dei som haldt fram med å spele måtte gjere det i smug. Etter at Samuline Seljeset døydde i 1872 kom det ikkje noko ny rekruttering til miljøet. Det gjekk nesten 100 år der menn eine og åleine prega spelemannslivet. Haldningsendringane fekk mykje å seie også for dei mannlege musikarane. Makta såg ein trugsel i fela, musikken og livsbegjæret. Ein såg hardingfela som djevelens instrument, og musikk som noko syndig. Folk vart redde for hardingfela. Mykje av musikklivet på nordvestlandet døydde ut under den religiøse oppvakninga. I den grad musikklivet levde vidare, så vart det vidareført av menn. Dei kvinnelege spelemennene vart tause.

Eit musikalsk ettermæle
Mange kjente spelemenn er etterkommarar etter Samuline Seljeset. Synnøve Hjellbakk Hole og Gunn Gausemel, båe kjend frå gruppa Honndalstausene, er firmenningar. Hjellbakk Hole og Gausemel er tipp tipp tipp oldeborna til Samuline Seljeset. Songaren Elling Seljeset er Gunn Gausemel sin oldefar. Også felespelarane Lars, Andreas, Oskar og Svein Hjellbakk er Samuline Seljeset sine etterkommarar.

Teksen har lisensen CC-BY-SA

Om Ingeborg Brekke

Ingeborg Brekke. Foto: Hans Petter Martinussen

Ingeborg Brekke. Foto: Hans Petter Martinussen Creative Commons-lisens.

– kvinnesakskvinne, ukonvensjonell gründer og samfunnsdebattant

Som ufaglært kvinne gjekk Ingeborg Brekke (1909-1999) inn i dei tradisjonelle kvinneyrka; som kokke, telegrafstyrar og postopnar. Ho var ei kvinne med sterk utstråling som fekk bygdefolket med seg i planane om å bygga eit originalt hotell i Brekke i Gulen. Ho skreiv lokalhistorie og debatterte heftig i radio og aviser.

«Det skeive hotellet på Brekkestranda»
Ingeborg såg det var trong for ein overnattingsstad og hyrte inn arkitekten Bjørn Simonnæs. Han teikna eit svært uvanleg bygg, der nesten ingen vinklar er rette. Materialvalet speglar gleda over naturen som Ingeborg  og arkitekten delte. Bygget vekte stor interesse blant arkitektar internasjonalt og i riksdekkande massemedia.

Dugnad i bygda
Bygdefolk støtta opp om Ingeborg sitt prosjekt og støypinga blei gjort på dugnad. Men planlegginga, byggeleiinga og reinsing av bakhunen, var det 60 år gamle Ingeborg , som tok seg av. I dag byrjar mange å planleggja pensjonstilværet og eit roleg liv i denne alderen, men ikkje Ingeborg. Ho må ha vore energisk, modig og hatt stor tru på seg sjølv for å ta den risikoen det var å bygga opp si eiga verksemd i den alderen. Slik skapte ho arbeid både til seg sjølv og andre.

Ei spesiell vertinne
Brekkestranda Fjordpensjonat var det første namnet på bedrifta, som vart opna i 1970. Vertinna  var glad i folk og fekk god kontakt med gjestene. Ho fortalde historier og song for dei. I 1976 vart sonen Bjørn med i drifta. Seinare er hotellet selt og anlegget har blitt utvida i fleire omgangar. Med utsikt over Sognefjorden og med fjella i bakkant er det sjølvsagt naturen som trekkjer folk til hotellet.

Samfunnsdebattanten
Ingeborg Brekke var svært samfunnsengasjert.  Ho var oppteken av kvinner sine kår og, og kvinnene si stilling innanfor kyrkja var eit hovudtema for henne. Ho slost for likestilling i Den norske kyrkja og for at vi skulle få kvinnelege prestar. Radiodebattane ho tok del i kunne bli svært så oppheta. Ho skreiv også innlegg i avisene.

Likestillingsprisen
Ingeborg Brekke fekk Likestillingsprisen for 1989 frå Sogn og Fjordane fylkeskommune for sitt iherdige virke og store engasjement. Dette var ein keramikkstatuett av St. Sunniva laga av kunstnaren Turid Haye.

Om Kristina Skryppen

skryppen

Heksemonumentet på Anda. Kunstnar: Stig Eikaas. Foto: Hermund Kleppa

– brend for trolldom

Kristina Skryppen ( fødd om lag i år 1600) vedgjekk i 1663 å ha vore på heksesabbat på Hornelen. Saman med fire andre, mellom anna sonen Aksel, førte dette til at ho vart brend på bålet.

Hekseprosessar
I heksetrua stod ei heks eller trollkvinne i samband med overnaturlege krefter og kunne føra vondt på folk og fe. I Europa starta hekseforfylgingane på 1200-talet. I Noreg fann desse hekseskuldingane  stad i perioden mellom 1560 og 1710. Ofte starta skuldingane med bagatellar, og hadde ingenting med trolldom eller mystiske fenomen å gjera. Det var gjerne fattige og vanskelegstilte som vart skulda for trolldom. 65 menneske vart tiltala for trolldom og brende på bålet i Sogn og Fjordane. Mange av hekseprosessane var i Nordfjord, og Gloppen åleine hadde sju.

Trolldomssak på Gimmestad
Kristina var dotter av Lars Treita, og gift med Nils Skryppen.  I tingboka for Gimmestad, Gloppen, kan vi lesa om trolldomssaka mot Kristina. Systera Kari hadde skulda Kristina og sonen til Kristina, Aksel, for trolldom. Det blir hevda at ho hadde samband med djevelen, og at ho dreiv med trolldom.

Krangel om jordleiga
Mannen til Kristina hadde bygsla jord av ein kar som heitte Peder Anderson. Dei to krangla om kor mykje Nils skulle betala i jordleiga. Då Peder vart sjuk, vart det hevda at Kristina hadde skuld i dette. Kristina nekta fyrst at ho hadde gjort Peder vondt. Ho sa at det var ikkje mange kunster ho kunne, berre «lese i salt».
Futen forhøyrde Kristina, og presten formana at ho skulle fortelja sanninga. Då fortalde Kristina at ei trollkvinne hadde kome til Skryppen og bede om hjelp og almisse. Som takk skulle trollkvinna læra Kristina trolldomskunstar. Kvinna gav Kristina ein drikk, noko som endra veremåten til Kristina. Djevelen kom til henne som ein flygande fugl.  Han lova å hjelpa henne til godt og vondt. Når ho skulle til Hornelen, fekk ho eit kje å fly på. Også Aksel hadde fått drikken av trollkvinna, samt vore med til Hornelen. Kristina og fire av hennar næraste vart dømde til å bli brende på bålet.

Heksemonument på Anda
Fleire menneske vart brende på bål på Andaneset i Gloppen i løpet av dei 150 åra det var hekseforfylgingar i Noreg. Dette var bakgrunnen for at soknepresten i Gloppen tok initiativ til å reisa eit minnesmerke om hekseprosessane her. Oppdraget gjekk til kunstnaren Stig Eikaas, og i 2002 vart Heksemonumentet avduka.

«Meget forherret och stiffsindig, och Aff Dieffulen bebunden. Udi langsomelig thider haffuer uereit  for Troldom  beryktet.»

«Effter saadan  deris  bekiendelse  och groffue bedriffter ere dee dømte til Baall och Brand, ligeuad dee forige och deris formue till hans kong Mayst At Uerre  forbrutt».